Wednesday, March 28, 2007

Påmelding

Arrangøren Tomtjønna IL og VEL vil gjerne ha oversikt over kor mange som skal delta på årets festival. Meld deg på og bli med på årets event!! Legg til namnet ditt på comments, og du er påmeldt.
Siste nytt: det vil bli salg av festivaleffektar! Ta med kr 100,-

IKKJE NØL - MELD DEG PÅ NO!

Saturday, March 17, 2007

Tomtjønnfestivalen 2007


Velkommen til Tomtjønnfestivalen 2007 si offisielle side! Årets festival vil gå av stabelen langfredag 6. april.

Tidlegare år har festivalen vore i palmehelga, men dette året er mange av deltakarane opptekne med viktigare arrangement, og komiteen har difor flytta festivalen til fredag 6. april.


Friday, March 16, 2007

Aking

Nytt av året er aking. Det blir mulegheiter for både 1-er, 2-er, 3-er og 4-er-aking. Det vil bli fleire heat, og ein finale der dei mest fartsgale får bryne seg mot kvarandre. Akeutstyr er valfritt, men snowracer er å anbefale (sjølv om Rune fortsatt svergar til den tradisjonelle snowhorsen)

Skiskyting

Skiskyting kom som eit friskt pust som ny grein i 2006. Her går deltakarane ei særs krevjande løype på omlag 200 m, før dei må gå inn til standplass for å skyte ned fem blinkar. Bom fører til alternativ strafferunde (mao ein pling). Deltakarane går to rundar, og skyt i både ståande og liggande. Då våpen er bannlyst på Den Himmelske Freds Plass, er kraft*arm og snøball utstyret deltakarane må inneha forutan ski.

Ølslalom

Ølslalom er ein av dei to idrettsgreinene som har vore med heilt frå starten, og dette kan kallast ein ekte publikumsfavoritt. Prinsippet er enkelt; her er det om å gjere å kome fortast muleg ned løypa med minst muleg øl i boksen ved målpassering. Slalomkonkurransen er oppdelt i to omgangar, og deltakarane har sjølv ansvar for å stille med full ølboks for kvar omgang. Søling har vore eit brennheitt tema kvart år, og det er altså opp til dommarane å bedømme om sølinga fører til tillegg i tida for kvar enkelt deltakar.

Hopp, liten bakke

Hopprennet er ein klassikar i Tomtjønnfestivalen, og er ein av dei to greinene som har vore med heilt frå den spede starten. Dette er ein klassikar, og konkurransen blir alltid av sikkerheitsmessige grunnar gjennomført først, då dei andre greinene fører med seg eit visst promillenivå som ikkje er overeinsstemmande med hopping. Hopparenaen er i år som tidlegare lagt til nøytral Hammargrunn mellom DHFP og Lundåshytta. Tarjei Brubæk Gagnat er innehavar av bakkerekorden, sett i 2006 (lengda er sirleg oppført i hytteboka)

Thursday, March 15, 2007

Tomtjønna

Tomtjønnfestivalen 2007

For 3. år på rad, blir det tradisjonen tru Festivalhelg Palmelaurdag.
I år vil det i tillegg til dei tradisjonelle greinene ølslalom, hopp og skiskyting også bli avholdt konkurranse i såkalt kinesisk utfor ( etter førstemann-ned-prinsippet). Komiteen vurderer også om det sterkt etterspurde kunstløpet også skal med på programmet, og da eventuelt i kombinasjon med svømmeknappen.